Helleren vert danna av eit heng i ein vestvendt, 8-10 m høg, bergvegg. Opninga er kring 5 m brei og om lag 25 m høg ytst. Helleren smalnar av i alle retningar innover. Største djupn er kring 3 m. Ved opninga er det grasmark, elles er hellergolvet dekt av berrlagd mold.Det blei ikkje teke prøvestikk i samband med registreringa.