Røysa, som det berre er ein rest att av, har oval form og er 9 x 8,5 m vid, orientert O-V. Ho er ca. 40 cm høg. Steinane/blokkene er kanta og mellom 10-70 cm store og mosedekka. Røysa, som er noko utkasta særleg i NO, er i dag dårleg markert.Opprinneleg var ho 20-30 m lang og ca. 1 m høg, seier kjentmann.Grunneigaren har rydda noko av røysa p.g.a. plenplanting. Mykje stein er også henta av noverande og tidlegare eigarar.