043016 og 043 VIE Løland 0062 ØK AM 080-5-2 Fetts fk.nr. 1/3-10,12-15,22-24,30
Ved Fett si registrering i 1958 låg 31 av opphaveleg 60 haugar att. I samband med oppdyrking av Løland-flata er fleire av gravhaugane vortne arkeologisk undersøkte ved utgraving i periodane 1979-80 og 1984-85. Nokre er også truleg gått tapt i samband med dyrking. No ligg 16 gravhaugar att på flata. Eldre jernalder Per Fett 1958: Førhistoriske minne i Fjordane, Førde prestegjeld. Gravfeltet ligg på Løland V for vegen på terrasseflata inn mot fjellfoten. Sørlege del av feltet ligg i beitemark og grensar til gardsvegen, medan resten av feltet ligg i dyrka mark om lag midtveges mellom gardsvegen og fjellfoten. Frå staden har ein utsyn mot Hafstadfjellet i SV, Førdenipa i NNV, Viefjellet i O og Klappeskuret i SSV. Gravfeltet måler om lag 250 x 100-150 m orientert NNV-SSO. Nordlege del av feltet ligg på bnr. 16, medan hovuddelen av feltet ligg på bnr. 43. Ein traktorveg går nordaustover inn i feltet og markerer overgangen mellom beitemarka i sør og dyrka mark i nord. Av opphaveleg 60 haugar ligg no 16 att, nemleg Fetts fk. nr. 1/ 3-10, 12-15, 22-24 og 30. Av desse ligg åtte i beitemarka, fk. nr. 1/3-10, medan resten ligg i dyrka mark. Ein av haugane, fk. nr. 1/30, ligg på bnr. 16. Ein reknar med at feltet også inneheld flatmarksgraver som ikkje er synlege på overflata.
Haugane i beitemarka.
Den største av haugane i beitemarka, fk. nr. 1/9, markerer det høgste punktet på terrasseflata, 62 m o. h. Han ligg 30 m O for delet der traktorvegen tek av frå gardsvegen. Haugen er 13 m i tverrmål og 1 - 1,5 m høg. Han er mosevaksen med 0,3 - 0,4 m store steinar/blokker som stikk i dagen. I midten er eit stort søkk, 3 - 3,5 m vidt og 0,5 m djupt.
Kant i kant med føregåande haug mot O ligg haugen fk. nr. 1/8. Han er 7 m i tverrmål. I NO er han 0,5 m høg, men elles går han mykje i eitt med bakken ikring. Haugen er mosevaksen med ein del 0,3 - 0,4 m store steinar/blokker stikkande i dagen.
Tett SO for fk. nr. 1/8 ligg haugen fk. nr. 1/7. Haugen er 5 m i tverrmål, opp mot 0,5 m høg i NO, elles låg. I midten er eit lite søkk, 1 m vidt og 0,1 m djupt. Jamt utover haugen stikk 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker i dagen.
9 m OSO for fk. nr. 1/7 ligg haugen fk. nr. 1/6. Han er 8 m i tverrmål og 0,5 m høg. Haugen er mosevaksen med ein del 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikkande i dagen. I toppen er eit søkk, 1 m vidt og 0,2 m djupt.
3 m SV for fk. nr. 1/6 ligg ein annan haug som er 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. Han er mosevaksen med 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikkande i dagen. I nordaustre del er eit 2,5 x 0,7 m vidt og 0,3 m djupt søkk, som er orientert O-V.
14 m SO for føregåande haug ligg ein haug som er 7 - 8 m i tverrmål, låg og mosevaksen. Ein del 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen.
2 m lenger mot SSO ligg haugen fk. nr. 1/3. Han er 5 - 6 m i tverrmål, låg og mosevaksen. Nokre 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikk i dagen.
10 m VSV for fk. nr. 1/3 ligg haugen fk. nr. 1/10. Han er 3 m i tverrmål, låg og gras-og mosevaksen.
Haugane i dyrka mark.
I den dyrka marka på bnr. 43 ligg det tre store haugar som det veks bjørketre på. Den sørlegaste av desse, fk. nr. 1/12, er 17 m i tverrmål og 1 m høg. Han har eit stort søkk i toppen, 8 m vidt og 0,3 m djupt. Haugen har gras-og mosevaksen botnvegetasjon og det veks store bjørketre over heile haugen. Elles stikk det ein del mosevaksne 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker i dagen. I vestlege del av haugen er det innpåkasta ein del trestaur. Ved graving i søkket i toppen på haugen vart det før 1909 funne ei 70 x 50 cm vid hellekiste med noko oske i.
10 m NV for fk. nr. 1/12 ligg haugen fk. nr. 1/22. Han er overpløgd og noko vanskeleg å fylgja ytterkanten på, men markerer seg som ei låg forhøging, kring 5 m i tverrmål. Haugen er grasvaksen med spreidde 0,2 m store steinar stikkande i dagen.
6,5 m NV for fk. nr. 1/22 ligg haugen fk. nr. 1/23, som er den andre haugen med bjørketre på. Han er 9,5 m i tverrmål og 0,5 m høg. Ei markant fotkjede går rundt haugen. I midten er det eit 4 m vidt søkk der ein kan sjå mosevaksne 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikka i dagen. I søkket er det elles innpåkasta mykje kvist.
Tett SV for fk. nr. 1/23 ligg haugen fk. nr. 1/24. Han er 5 m i tverrmål, heilt grasvaksen og overpløgd.
7 m SV for fk. nr. 1/24 ligg haugen fk. nr. 1/13. Han er 8 m i tverrmål og 0,5 m høg. Eit stort bjørketre veks i sørvestre kant. Haugen er elles grasvaksen med nokre 0,15 - 0,25 m store steinar/blokker stikkande i dagen.
Tett VNV for fk. nr. 1/13 ligg haugen fk. nr. 1/14. Han er 9 m i tverrmål, heilt låg og grasvaksen. Haugen er noko uregelrett i forma, truleg eit resultat av overpløying.
8 m VSV for fk. nr. 1/14 ligg haugen fk. nr. 1/15. Han er 10 m i tverrmål,
1 m høg, grasvaksen og noko avflata på toppen. Haugen vart undersøkt i 1909 av Haakon Shetelig utan at her vart gjort funn anna enn små kolflekker på botnen.
Haugen fk. nr. 1/30 ligg på bnr. 16 og markerer den nordlege avsluttinga av feltet. Haugen ligg like VSV for enden av traktorvegen som går innover i den dyrka marka. Som haugane på bnr. 43, ligg også denne haugen om lag midtveges mellom gardsvegen og fjellfoten. Haugen er 22 m i tverrmål og 2 m høg. Det veks store rogne-og bjørketre og ei stor gran på haugen. Botnvegetasjonen er gras og mose. Langs haugkanten veks brennesle og småbusker. Ein del 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen, i nordaustre del også nokre mosevaksne større blokker opp mot 1 m lange. I midten av haugen er det eit 3 m vidt og 1 m djupt søkk.