Haugen er omgjeven i S, N og O av lauvtre. Vest for haugen held den graskledde skråninga fram oppover omlag 20 m før terrenget stig bratt igjen. Haugen måler 8 m i tverrmål og er i V omlag 1,5 - 2 m høg, medan han i O er godt 3 m høg. Det stikk ein del store steinar/blokker, 0,7 - 1,0 m, i dagen oppå haugen, mens det langs haugsida fra OSO til SSV stikk ein god del noko mindre steinar/blokker, 0,1 - 0,4 m, i dagen. Haugen er elles graskledd. NB! 45 m NNO for haugen ligg ei stor delvis mosegrodd steinblokk. Blokka er godt synleg i terrenget, også nede frå bygda. På blokka ligg ei mogeleg særs låg gravrøys. Ho måler kring 4 m i tverrmål. I sørenden av røysa ligg steinar/heller, 20-50 cm store, nakne i dagen, elles er røysa tilvaksen med rognebusker og blåbærlyng. I sentrum av røysa veks det eit stort lerketre. Fra staden er det storfelt utsyn over bygda. Det er verdt å merkje seg at ein også i området rundt finn andre steinblokker med heller/steinar oppå, men ein kan ikkje her tale om røyser.