Toppen av røysa er omlag i nivå med vegbana. Over heile toppen er det innpåkasta småfallen rydningsstein. Under denne rydningssteinen kan ein i søre del og dels i den vestre delen sjå 0,2-0,5 m store steinar/blokker av gravrøyskarakter. P.g.a den innpåkasta steinen er avgrensinga heller uklår, med diam. tykkjest vere omlag 11-14 m orientert N-S. Sett frå S er røysa 1-2 m høg.Tolkinga som gravrøys er ikkje heilt viss p.g.a dei innpåkasta massane.