Røysene ligg nokså tett på flata. Det er 40 m mellom ytste røysene i SV og SO og om lag 25 m mellom røysa i søraustre hjørnet og røysa i nordaustre hjørnet. Røysene er kring 5 m i tverrmål, bortsett frå ei langrøys som er kring 6 x 3 m, orientert VSV-ONO. Dei er mellom 0,25-0,75 m høge og dekt av grastorv. Steinar stikk i dagen i alle røysene. Røysa som ligg i nordaustre hjørnet er noko tvilsam.