Røysa som vert kalla Haugsurdi, er kring 12 m i tvm., 1 m høg sett frå N og 2 m høg sett frå S. Ho verkar høgare fordi ho ligg på ein knaus. Elles er ho relativt godt markert og godt synleg i terrenget. Røysa er bygd av 0,1-0,3 m store steinar/blokker som delvis er dekte med grastorv og mose. I søre del veks nokre lauvtre og i vestre kant ei furu. Det er påkasta noko åkerstein på røysa.