Skjonghelleren, fk.nr. 2/1, har ein 38 m høg opning der dråpefallet går skrått NV-over i høve til djupna på helleren som går rett O-V. Opninga målt på skrå langs dråpefallet er 35 m vid. Frå midt i opninga og ca. 30 m innover skrånar hellergolvet sterkt mot NV og det er fullt av steinar og blokker. Innanfor her ligg ein liten avsats der hellergolvet vert etter måten plant i både lengde- og breidderetning og ein får her sjølve hovedrommet i helleren, 32 m langt og 8-7 m breitt, smalnande innover med ei stendig minkande takhøgd. Frå dette "rommet" held helleren fram vidare innover i ein låg tunnel der takhøgda berre er godt 1 m til å byrje med, noko meir lenger innover. Samla djupn på helleren er 140 m.Daumannshelleren, fk.nr. 2/2, ligg kring 20 m N for Skjonghelleren i same bergveggen men 15-20 m høgare. Opninga er berre ein 2 m vid og 3 m høg sprekk som skrånar nordover. Rett innanfor vidar det seg ut til 4 m i breidd, samstundes som hellergolvet går sterkt på skrå vidare innover. Her er takhøgda kring 4 m, men veggene går skrått mot kvarandre slik at helleren får trekanta form i tverrsnitt. I og med at takhøgda minkar innover, får han skap som ei skrånande trakt. Djupna på helleren er 18 m og er orientert rett O-V. Det er mykje stein i hellergolvet. Framanfor opninga er det bratt, småsteina ur.