Feltet ligg kring 30 m O for gardsvegen og har ei utstrekning på om lag 110 x 90 m orientert N-S. Midt i feltet er ei steinfri, grasvaksen flate på kring 20 x 25 m. Kring denne flata ligg røysene, ein del ligg fritt, men nokre ligg inntil store blokker. Truleg må det her til dels vere tale om rydningsrøyser og eit skilje mellom desse og gravrøysene er vanskeleg å setja. Vidare kan nokre av røysene om mogeleg vere hustufter. Dei mest trulege gravrøysene ligg i den sørlege delen av feltet.Lengst i S i feltet, ligg ein kring 20 m vid og 3 m høg lyngkledd knaus der berget stikk i dagen her og der. Godt 10 m sør for denne ligg ei sterkt utkasta lyng- og brakevaksen røys, 5 m i tverrmål. 3 m SV for knausen ligg restane av ei 6 m lang, mogeleg langrøys. Tett NV for knausen ligg ei 8 m vid, heilt brakevaksen røys, 3/4 m høg med eit 1 m vidt og 0,5 m djupt søkk i midten.Heilt i den sørvestlege kanten av den grasvaksne, steinfrie flata ligg ei røys, 8 m i tverrmål med 3/4 m høge lyng- og brakevaksne kantar og eit 4 m vidt, grunt søkk i midten. 15 m O for denne ligg ei anna heilt brakevaksen røys, 7 m i tverrmål, 3/4 m høg med eit 2 m vidt, grasvakse søkk i midten. 5 m O for denne att ligg ei røys med svært ujamne kantar, mogeleg restane av ei langrøys. I nordvestre kant av den grasvaksne flata ligg ei brakevaksen røys, 10 m i tverrmål og 0,5 m høg.