Utstrekninga på samlinga er ca. 90 x 20 m, orientert N-S.1) Nordlegaste haug. Rundhaug, godt markert, tydeleg i terrenget. Søkk, 3 m i diameter, i toppen, der ein er kome ned på ein sprengd jordfast stein. I Ø- og V-del av haugen tett seljerunne. Haugen har følgjande mål: Diameter: 9 m, høgde: 0,7 m i N, høgde: 0,3 m i S. Haugen blir kalla Nedstehaugen.2) Flatmarksgrav låg tett S for 1. Under ei helle låg her B 7239 i eit kollag.( Mannsgrav frå yngre jernalder med m. a. smitong, fil, kniv og saks.)3) Flatmarksgrav låg tett S for 2. Under ei helle, 1 x 0,5 m, som låg 20 cm djupt, fann ein B 7007. ( Mannsgrav frå yngre jernalder med m. a. spyd, øks, hammar og bjølle.)4) Rundhaug, 10 m SV for 3. Ligg på enden av ein terrasse, godt synleg i terrenget. Søkk, ca. 0,5 m djupt og ca. 3 m i diameter, i toppen. Eigaren fortel at både han og eldre folk på garden meiner at dette stadig vert djupare. På haugen veks gras og lyng; N- og V- kant av haugen har tett kratt av rogn , bjørk og osp, slik av avgrensinga er svært vanskeleg å finne. Diameter: 17 m, høgde: 2 m i NØ. Haugen blir kalla Penehaugen.5) Rundhaug som ligg 3-4 m SSV for 4. Tydeleg markert i SV og godt synleg i terrenget. I S- kant er noko av haugen fjerna ved pløying. Avflata i toppen der det står ein bautastein som måler 1,7 m over bakken. Flatsidene av bautaen vender mot NV og SØ. Før planeringa var berre 0,5 m av steinen synleg. Tilvaksen med gras og småbusker. I Ø og V tett hassel, rogn- og bjørkekratt, slik at avgrensinga er vanskeleg å finne. Diameter: ca. 18 m, høgde: 2,5 m. Haugen blir kalla Underjordskehaugen.6) Lita røys låg 10 m S for 5. Her fann eigaren B 10058, ei platespenne av bronse, og nokre glassperler som kom bort.