Består av to skålgropsteiner. Samlinga R 3 ligg 90 m OSO for selet til Skildheim og 8 m nedanfor (S for) stølsvegen. Her ligg 2 store steinblokker (klovsteinar). Mellom desse ligg murrestane etter eit hus. Det nordaustre hjørnet av huset ligg innpå gropesteinen Fetts fk.nr. H 8. Steinen er 2,10 x 2,20 m vid og 0,5 m høg i austre kant. 40 cm inn for austre kant, om lag midt på steinen, ligg ei einsleg grop. Gropa er 4,5 cm i tverrmål og 1,5 cm djup.Gropesteinen Fetts fk.nr. H 9 ligg 6 m S for den sørlegaste av dei to store steinblokkene. Steinen går inn under sørvestre hjørnet av ein gamal selsmur. Den synlege delen av steinen er kring 1,6 x 1,5 m vid. Steinen er 0,3 m høg og flat oppå. På den nordvestre delen av steinen, innan eit 40 x 45 cm vidt område, ligg det 6 groper. Gropene er frå 2,5-4,5 cm i tverrmål og kring 1,5 cm djupe. Gropesteinen Fetts fk.nr. H 10 som J. Bøe registrerte i 1932, var ikkje mogleg å finne under registreringa.