Røysa er kring 8 m i tverrmål. Ho er noko utkasta og ytterkanten er difor ikkje heilt klår. Ho er mellom 0,5-1 m høg. Røysa er bygd av kanta steinar/blokker, 20-60 cm store. Her finst og nokre opp mot 1 m store. I sørvestre kant ligg det ei helleforma blokk, 1 x 0,7 m vid, og ei anna helleforma blokk stikk opp i dagen. Lengda på denne er 0,8 m. Steinane/blokkene er sterkt tilvaksne med mose. Kring røysa veks det furer på alle kantar.