Haugen er kring 14 m i tverrmål og 1 m høg. Haugen er dekt med grastorv og mose. Det er ei open kiste i toppen, 4 m lang, 1,5 m brei og 0,5 m djup. Kista er orientert NNO-SSV. Den søraustlegaste kanthella, 80 cm stor, står på plass. På S-sida av kista ligg to takheller, 1 og 2 m store. På haugen veks det to graner.