• 64244

    id
    • 64244
    datafangstdato
    • 1979-06-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:37:43Z
    informasjon
    • Haugen fk. 1/1 ligg ca. 75 m ONO for huset til Knut Grjotland, ca. 70 m NV for eit uthus og 12-13 m N for den gamle gardsvegen. Haugen er 12-15 m i tverrmål og ca. 1,5 m høg. Han er bygd av stein. I midten er eit søkk, ca. 1 m djupt. Mykje stein ligg framme i dagen. Elles er haugen dekt med grastorv og mose, men spreidde steinar stikk fram. Haugen fk. 1/2 ligg 35-37 m N for fk. 1/1 og ca. 80 m SO for elva. Han er ca. 8-9 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Haugen er dekt med mose og tildels grastorv, men mykje stein stikk fram i dagen. Haugen er skadd i vestlege del, og ein kan sjå inn i kista frå V, der kanten av dekkhella er synleg. Opninga er ca. 0,7 m brei. I vestleg kant ligg ei helle, 1,40 x 0,75 x 0,65 m. Denne skriv seg mogelegvis frå kista. I nordlege del av haugen er eit hol, ca. 0,45 m vidt og ca. 0,5 m djupt. Eit par bjørker gror på haugen og strekkjer røtene utover han. Haugen fk. 1/3 låg 100 m NO for fk. 1/2, ca. 10 m frå bakken i O, no borte. 4-5 m tvm., bygd som dei andre. Opna før. Haugen fk. 1/4 ligg 100 m S for fk. 1/3, botnlaget ligg att under åker, elles borte. 10 m N-S, 5-6 m brei, bygd som dei andre. Haugen fk. 1/5 ligg ca. 20 m O for fk. 1/1 og 17-18 m N for gardsvegen. Han er 6-7 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Avgrensinga av haugen er ikkje tydeleg markert. Haugen er bygd av stein og er dekt med grastorv og mose. Ein del stein stikk fram i dagen langs kanten. Kring toppen ligg mykje innpåkasta stein. Haugen fk. 1/6 ligg ca. 65 m S for fk. 1/1, ca. 85 m SV for eit uthus, ca. 50 m SO for huset til Knut Grjotland. Sørlege kant ligg på bnr. 3. Haugen er 16 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er dekt med grastorv og mose. I toppen er eit lite søkk og ein del stein stikk fram i dagen. Ytste kantane er låge og avgrensinga på haugen er ikkje klårt markert.
    kommune
    • 4621
    kulturminneId
    • 64244
    lokalId
    • 64244
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217