Nedre del av haugen tykkjest vera ein naturleg avsett haug. Oppå denne er det så bygd ein gravhaug eller rettare ei gravrøys, då heile den oppbygde delen er laga av rullestein, som i dag har eit dekke av mosetorv. Tverrmålet på den oppbygde haugen er 13 m, medan den naturlege haugen har eit tverrmål ved bakken på kring 20 m. Total høgde er kring 3 m. I toppen på haugen er det eit søkk, 2,5 m vidt og 1,5 m djupt. Området kring haugen er tett tilvakse med tre og buskar som i dag hindrar noko vidare utsyn.