• 6427

    id
    • 6427
    datafangstdato
    • 1984-08-27T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:18:51Z
    informasjon
    • Samlinga måler 25 x 23 m orientert NV-SO.Røysa fk.nr. 1/1 er om lag 15 m i tverrmål og 1,5 m høg målt i SV. Røysa er bygd av steinar/blokker 0,2-0,6 m store. Røysa er mykje tilgrodd med mose, grastorv og lauvtre, men einskilde stader syner steinane/blokkene i dagen. Heile sentrum av røysa er utgraven, berre kantane ligg urørde. I vestre kant ligg det att ein skalk som er om lag 3 m vid og opptil 1,5 m høg. Like innanfor (O for) denne er det eit om lag 2,5 x 0,8 m vidt søkk, orientert N-S. Djupna i S er 0,5 m. Jamvel om røysa er mykje skadd, er ho relativt klårt markert og syner heller godt i lendet.Røysa fk.nr. 1/2 ligg om lag 8 m NV for røysa fk.nr. 1/1. Røysa ligg på ein bakkekant, SSV for den grasvaksne bøen. Av røysa er det no heller lite att; mykje stein er kasta utføre skrenten ned mot røysa fk.nr. 1/1 i SO. Det er vel òg slik at ein ved utgravinga av fk.nr. 1/1 la steinar i bakken ovanfor (NV for) røysa, noko som gjer sitt til at det knapt er steinfritt område mellom røysene. Røysa fk.nr. 1/2 har i dag ein utstrekning på godt 20 m langsetter bakkekanten som går NNO-SSV. Breidda er om lag 2-3 m og høgda 0,5 m. Røysa tykkjest vere bygd av steinar/blokker som er 0,15-0,7 m store. Steinane/blokkene ligg for det meste nakne, men området er mykje tilvakse med lauvkjerr, bregner, mose og grastorv. Ei høgspentline skjer nordvestre del av røysa. Røysa er uklårt markert men syner heller godt i lendet.
    kommune
    • 4644
    kulturminneId
    • 6427
    lokalId
    • 6427
    målemetode
    • 82
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217