Røysa er kring 16 m i tverrmål og godt 1,5 m høg sett frå N. Ho syner godt i terrenget og er klårt markert. Røysa er bygd av 20-60 cm store steinar/blokker som stikk i dagen her og kvar. Røysa er avflata på toppen, der det i nyare tid er reist ein stein (bautaliknande) og sett opp steinbenk og bord av store steinheller. I O er ei svak O-V-gåande forsenking.Røysa er heilt tilvaksen med mose, og det veks mange store furutre på ho.