Haugen fk.nr. 1/2 ligg lengst framme på kanten, kring 40 m O for gardsvegen i luftline. Rett framanfor (V for) haugen går fjellet om lag loddrett i ein 5-7 m høg skrent. Haugen er 10 m i tverrmål og kring 1 m høg. Kanten på haugen er klårt markert og han er tydeleg i lendet. Han er heilt dekt av grastorv, mose og lyng. I toppen er eit grunt, kring 3 m vidt søkk. I austre kant av søkket veks ein rogn og ei bjørk. Langs heile den vestlege delen av haugkanten veks det bjørketre. Den grasvaksne bøen strekkjer seg heilt inn til den vestre kanten av haugen.Haugen fk.nr. 1/3 ligg 10 m NO for fk.nr. 1/2. Kanten på haugen er uklårt markert. Mot O grensar haugen mot den grasvaksne bøen og i V, der haugen til dels er skadd, går kanten over i den nedanforliggjande bregne- og krattvaksne skråninga. I S går kanten over i den skrånande bergryggen som han ligg på. Tverrmålet kan vera kring 7-8 m. Høgda på den oppbygde delen er knapt 1 m. Haugen er heilt tilvaksen med grastorv og lyng. I toppen er eit grunt, godt 1 m vidt, søkk. N og S for dette søkket veks nokre einebusker.Haugane fk.nr. 1/1 og 1/4 er på det næraste utjamna ved dyrking og ikkje tekne med ved denne registreringa. På staden der fk.nr. 1/1 låg, har grunneigaren reist ein "bautastein".