Gropeberget måler om lag 20 x 8 m orientert NO-SV, og er om lag 1,5 m høgt, målt i SO. Berget fell av mot SO og NO og er mykje forvitra. Her er 83 sikre groper innan eit område på 4,0 x 3,8 m, sentralt på berget. Berget er tilgrodd med mose og lav, så ein kan visseleg rekna med at talet på groper er eit minimumstal. Gropene er frå 1,5 - 11,0 cm i tverrmål og frå 0,5 - 7,0 cm djupe.