• 6433-1

    id
    • 6433-1
    datafangstdato
    • 1984-08-21T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:18:52Z
    informasjon
    • Fk.nr. Fjellet L 1 ligg om lag 5 m N for nordvestre hjørnet på selet til Jan Høyum. Det er ein 3 x 2 m stor bergnakke orientert O-V, med loddrette sider mot S og O. Høgda i S er 1,2 m. Berget er noko forvitra og mosegrodd. Langs søre kant ligg 13 sikre groper på rekke, orientert O-V. Om lag 10 cm lenger inne på steinen ligg 3 andre groper, om lag på line O-V. Om lag 1 m NV for søraustre hjørnet på bergnakken, ligg ei einsleg grop. Gropene er 2,5-7 cm i tverrmål og om lag 0,5-3,5 cm djupe.Fk.nr. Fjellet L 2 ligg på ein bergnakke noko lågare i lendet enn L 1 og om lag 2,5 m S for denne. Nakken er 4,6 x 2,3 m vid, orientert N-S, og parallell med vestveggen på selet, om lag 0,8 m V for denne. Nakken har loddrette sider mot S og O, mot O om lag 1,2 m høg. Her er 9 sikre groper. Ei gruppe på 6 groper innan eit område på 0,8 x 0,75 m ligg om lag 1,8 m SV for nordvestre hjørnet på selet. Dei 3 andre gropene ligg langs ei 0,95 m lang line orientert NNO-SSV, om lag 0,9 m S for den første gruppa. Gropene er om lag 3-8 cm i tverrmål og kring 1-3,5 cm djupe.Fk.nr. Fjellet L 3 er eit sva som delvis ligg i dagen og delvis under søre muren på selet. Den delen av svaet som stikk i dagen, er om lag 2,2 x 1,5 m, orientert O-V. Vi kan telje 14 sikre groper. Her har tidlegare vore registrert 20 groper, men her er no noko tilgrodd med mose og brennesler. Gropene er 2-7 cm i tverrmål og kring 0,5-2 cm djupe.Fk.nr Fjellet L 4 ligg 24 m S for L 3, og er eit sva om lag 10 x 5,7 m, orientert O-V. Det skrår svakt mot V og S. Høgda i O er om lag 0,8 m. Berget er noko forvitra og mosegrodd. Her ligg 4 groper innan eit område på 1,1 x 1,2 m, om lag 1,7 m innafor (V for) austre kant av svaet. 3 av gropene ligg på rekke O-V. Gropene er 8-13 cm i tverrmål og om lag 4-7 cm djupe.
    kommune
    • 4644
    kulturminneId
    • 6433-1
    lokalId
    • 6433-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2026-05-08T11:04:54Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217