Røysa er kring 12 m i tverrmål og kring 0,75 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker frå 0,1 - 1,0 m i storleik. Røysa er gras- og lyngkledd, men er mykje utkasta mot S. Her ligg steinane/blokkene i dagen. I søraustre kant veks det to større rognetre. Det veks elles nokre mindre rognetre og nokre brakebusker på røysa. Røysa er uklårt markert, men er godt synleg i terrenget. På toppen av røysa er det reist ein telefonstolpe. Det har også blitt gjort moderne inngrep ved røysa i form av ei grøft som har blitt tillaga og ein brønn. Grøfta og brønnen ligg nordvest for gravrøysa.