Lengst V:1): Opphavleg rundhaug. Vekslande markering, lite synleg i lendet. Tilvaksen med mose, gras og grantre. Berre austlege del av haugen står att. resten truleg fjerna ved bygging av vegen til Lindum. Omlag der sentrum av haugen var, står ein benk. Haugresten er halvmåneforma og måler 5-6 m Ø-V og 14-15 m N-S. H: ca. 1,75 m.Ca. 14 m ØNØ for 1:2): Rundhaug. Vekslande markering, godt synleg i lendet. Tilvaksen med grastorv og lauvtre. I sentrum ligg ein del 0,2-0,4 m store og sterkt mosegrodde steinar i dagen. Her ligg også ein del småstein som kan vera lagt innpå i samband med dyrking. Haugen er ein del utkasta i SØ. D. 9-10 m, h. ca. 0,75 m.Ca. 15 m ØNØ for 2:3): Rundhaug. Svært uklårt markert og lite synleg i lendet. Tilvaksen med grastorv. I sentrum veks ei bjørk og ved sørlege kant ei eik. Ein del steinar stikk så vidt i dagen. D. ca. 10 m, h. opp til 0,75 m i S, går i N mykje i eitt med lendet kring. Haug 1 ligg på eigedomen til Stavanger tuberkuloseforening, haug 2-3 hos Nils Steine.