Røys 1 ligg på toppen av ein knaus. Ho er for det meste overvaksen av gras, men enkelte steinar stikk i dagen. I austre delen er det lagt opp ein del 1,5 m store steinar/blokker samt 0,3 m stor rydningsstein.Langs kantane i S og V veks hegg og regn. Røysa er kring 6 m i diameter og frå 0,3-0,5 m høg.Røys 2 ligg på ein knaus ovanfor (12 m A for) røys 1, og ca. 70 m V for eo kring 5 m høg steinblokk. Ho er overvaksen av gran, men enkelte 0,4 m store steinar/blokker stikk i dagen i sentrum. I vestre kanten veks det ein hasselbusk og like ved ligg ei samling rydningsstein (kring 0,3 m store). Røysa er omlag 7 m i diameter, ca. 0,5 m høg i nordre delen og opp til 1 m høg i søre delen. Røysene kan kanskje vera rydningsrøyser.