Røysa ligg på terrasseflata ovanfor flata med R7 og R8. Ho er bygd av 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker. Størsteparten av røysa er overvaksen av gras bortsett frå nordaustre delen, der steinen ligg i dagen.Ogs¨langs kanten av røysa, stikk ein del stein i dagen. Langs kanten i NA og SV ligg fleire 0,7 m store blokker som truleg har markert yttergrensa av røysa. Omlag midt i røysa er eit lite søkk. I N står ei 1 x 1 m stor steinblokk. Nær røysa i N og V veks eple- og plommetre. Røysa er 6 (orientert N-S) x 9 m (orientert A-V) i tverrmål, og ca. 1,7 m høg i A, ca. 1,5 m høg i Sog V. Kring 6 m N for R12 i skråninga ovanfor ligg ein steinsamling som kan vera delar av ei gravrøys el. rydningsrøys. Steinen er lagt opp i ein halvsirkel som dannar boge mot A. Det ligg fleire 1 m store blokker i kantane i N og S medan resten av steinen utgjer jamstore (0,3-0,4 m store) steinar/blokker. Røysa er tilgrodd med gras i nordaustre delen, Eller ersteinen for det meste mosedekt. Røysa er 6 m i diameter, orientert N-S.