Lende og lokalisering:
røysa ligg i utmarka til bnr. 2 ved Hovlandsstøo, på ein knaus, vel 10 m frå sjøen, 30 m vest for røysa 01285 (id 66423)
fornminneskildring:
Ho er oval og måler 10 x 6 m aust-vest, høgd 1 m. No svært overgrodd av tjukk lyngtorv og tette kratt av einer og lauvtre. Stort krater etter omroting i sentrum. Ved kanten skal liggja ei helle med innhogne initialer HHS eller SHH, men denne er ikkje synleg no på grunn av tett vegetasjon.
Referanser:
Per Fett 1971: Førhistoriske minne i Sunnhordaland, Ølen Prestegjeld
Svein Indrelid 1991: Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune