Hella er 2,95 x 1,7 m vid og 0,15 m tjukk. Hella står orientert N-S og hallar lett mot det støypte fundamentet på vestsida. På den nordlege halvdel av hella er det innhogge ei innskrift i to heiltrekte sirkelforma liner og tre halvtrekte sirkelforma liner innafor. Sirkelen med innskrifta har ein ytre diameter på 1,3 m. Innskrifta i sirklane er i dag særs utydeleg, men grunneigaren fortel at ho lett kunne lesast i hans ungdomstid. Det er dei ti bodorda som er innhogge. Innafor sirklane i den sørlege delen er det innhogge ei solglorie øvst med bokstavane JHS under og under desse årstalet 1791 (sjutalet vender feil veg). Under dette årstalet står årstalet 1599. Dette siste årstalet har mindre og grunnare tal. I den nordlege delen innafor sirkelen er det innhogge Gnud-Endre-Søn i tre liner.Hella skal etter tradisjonen opphaveleg ha stått på Løbakken, ovanfor Stupeneset. Seinare vart ho flytt til gamletunet på Setre og etter utskiftinga i 1863 vart ho flytt opp til noverande stad. I 1928 reiste grunneigaren hella opp mot eit støypt fundament.Etter tradisjonen var det Knut Endresen Sætre som på 1500-talet flytta hella heim på Setretunet og det var vidare han som hogg inn dei 10 bodorda. Han skal også ha hogge inn solgloria og bokstavane JHS.Solgloria, bokstavane og årstalet 1791 tykkjest å ha vore innhogne med same teknikk og av same person. Årstalet 1599 står for seg sjølv, innhogge med ein annan teknikk. Innskrifta Gnud-Endre-Søn er hogge med ei annan bokstavform og med annan djupn enn resten. Innskrifta Gnud-Endre-Søn går dessutan inn over innskrifta med dei 10 bod. Det tykkjest klårt at innskrifta Gnud-Endre-Søn og solgloria, JHS bokstavane og årstalet 1791 er sekundært innhogne.