Røysa, som er kalla Dronninghaugen (knapt noko gamalt namn ifølgje Per Fett), er om lag 10 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg, men er vanskeleg å avgrensa frå knausen ho ligg på. Røysa er heilt tilgrodd av grastorv. På toppen av røysa er det no innreidd sitjeplassar i eit gamalt krater som gjekk til berget. Veggene i krateret er avgrensa av tørr mur samanfuga med støyp. Muren er jamnt over 60 cm høg. "Rommet" er 3,5 x 2,5 m vidt orientert NO-SV.