Den nordre funngrupperinga omfattar ei innhegning og ei tuft som til saman dekkjer eit 37 x 26 m vidt område som er orientert NNV-SSO. Steinstrengene som markerer innhegninga inneheld i dag stort sett berre eitt lag med steinar, men her og der ligg det framleis eit par omfar. Den søre strengen i innhegninga går over jamn grasbakke, den vestre ligg på ein låg bergrygg og den austre går langsetter kanten på ein avsats, som ligg noko høgare i lendet. Det er i dag ikkje mogeleg å påvisa den nordre strengen i innhegninga. Her ligg det derimot ei tuft. Tufta er 16 x 5 m vid, orientert VSV-ONO, og ho er bygd slik at austre veggen går i flukt med austre strengen i innhegninga. Mellom den vestlegaste delen av tufta og vestre strengen i innhegninga vert det følgjeleg ei opning i innhegninga i ei lengd av 10 m. Av veggene i tufta står framleis austveggen med fem fint oppmura omfar, nordveggen er like eins klårt markert, medan sørveggen berre har fundamentsteinane i austre del og vestveggen er heilt borte. Om lag 1 m innfor austveggen går ei mogeleg dreneringsgrøft, dekt av heller, tvers over tufta. På begge sider av den austre strengen i innhegninga ligg det fleire steinpakningar. Ein eller fleire av desse kan mogeleg vera spor etter tufter.Knapt 30 m SSO for denne grupperinga går restane av ein steingard på tvers av terrassen. Steingarden strekkjer seg vidare oppetter fjellsida gjennom ei klyngje med høge grantre.