Jernvinneanlegg med tre kolgroper, ein slagghaug, og ein mogleg ovn. Den nordligste kolgropa (1) har markerte vollar der det veks bjørketrær, bregner, einer og gress. Forma på botnen av gropa er ujamn, men mest mogleg kvadratisk. I den sørlege sida er stein synleg, og den sørlege innsida av gropa er noko utrast. Gropas ytre mål er 10.9 m, indre mål er 6,20 m og dybden er 1,20 m. Mindre kvadratisk kolgrop (2) som er forbunde med den sørlege vollen til grop (1). Grop (2)s nordlege voll går over i grop (1)s sørlege voll. Kolgropa har lave, men tydelege vollar i S og Ø. I N kan ikkje skille ut eigen voll for grop 2. Vollen i V er berre tydeleg i NV hjørne, resten går i ett med slagghaug. På vollane veks det lyng, bregner, bjørketrær og einer. Det er synleg sein i Ø voll. Gropas ytre måler 5,90 m, indre mål er 3,20 m og dybden er 0,60 m. Kol vart påvist i grop 1 og 2. I fortsetjinga av kolgrop (2)s vestlege voll ligg en tydeleg slagghaug (3) som hovedsakelig er rund, men også noko ujamn i fasongen. Slagghaugen måler 3,60 x 3,70 m. Slagg er ikkje synleg på overflate. På haugen veks det bjørk, lyng, einer og bregner. Sammenhengande med slagghaugeni SV er ein liten kvadratisk forhøyning, ca 0,90 x 0,90 m. Høgda er mellom 10 og 15 cm. Kan dette vere ein ovn? Grop (3) ligg i nordvest kant, ca.1m fra grop 1. Den måler ca.4,5m i diameter i ytre mål og ca.1,5m i diameter i indre mål, og har en dybde på ca.0,5m.