Røysa er 16 m i tverrmål og 3 m høg frå nedsida. Ho er bygd av jord og stein. Det er skore av ein stor skalk av vestre kant og det er gjort eit stort innbrot i toppen og i nordaustlege del. Seinare har det vorte køyrt på ei mengd med åkerstein av varierande storleik, frå 5 cm til 1 m. Den sørlege skalken og nordlege kant er dekt av grastorv. Det veks ei klyngje med furer i sørlege del av røysa.