Røysa måler 9 m i tverrmål og er omlag 1,5 m høg. Ho er dekka av gras og mose, nokre blokker 0,20-0,45 m store stikk i dagen. På midten av røysa er det eit søkk, 1,5 m i tverrmål og 0,3 m djupt. Det veks eine på røysa. I nordvestre kant står ein telefonstolpe. Røysa er litt skada i nordre kant og sørvestre kant av røysa ligg tett opptil ei campinghytte.NB! 30 m NV for røysa ligg ei mogeleg røys som er 10 m i tverrmål og 2 m høg på det meste. Frå røysa går det bratt ned til bakken i S og i N går vegen nærast over ho. Mykje av det som ligg på røysa i dag må vere påkasta.Iflg. ØK-registreringa i1971 skal det tidlegare ha stått ein kiosk her.