Gardsanlegget ligg innan eit 50 x 40 m vidt område, orientert O-V.Lengst V, 15 m N for naustet, ligg :1. Tuft bygd av rullesteinar, 20-60 cm store. Tufta er 4,5 x 4 m utvendes målt, retning N-S, mindre enn 1/2 m høg. 2 m ut frå V-veggen ligg ei steindyngje på 2,5 x 1,5 m N-S, mindre enn 1/2 m høg.2. Tuft ligg 4 m SO for 1, 5 x 3,5 m utvendes målt, mindre enn 1/2 m høg. Retning SO-NV. Bygd av same slags rullestein som 1.3. Røysa Fetts fk.nr. 2/1 ligg 10 m NO for 2 på ein naken strandvoll av småstein, 30 m NNO for naustet. Røysa er 8 m i tvm., 0,5 m høg, heilt utkasta og med ein grøn tust i midten.4. Tuft ligg 20 m SSV for 3. Tufta er uklårt markert, men synest vera kring 5 x 5 m. Mindre enn 1/2 m høg. Bygd av same slag rullestein som 1. Grasmark i midten og veggene er også nokså overgrodde.5. Grop i strandvollen, med større steinar kring kanten, ligg 7 m SO for 3. Tverrmål 4 m. Korkje høgd eller djupn er over 1/2 m.6. Røysa Fetts fk.nr. 2/2 ligg 15 m O for 5. Røysa er 6 m i tvm. og 0,5 m høg. Det er eit djupt søkk i midten. Mot S ser det ut for at røysa går ut i ein spiss, 3 m lang. Denne verkar ikkje utan vidare som utkast frå søkket.Merknader:Ein er ikkje overtydd om at alle dei tre registrerte tuftene er frå førhistorisk tid, men ingen veit no av at det skal ha stått hus her.Det er om mogeleg også fleire tufter i dette området, då der er mange småsøkk i strandvollen. 90 m O for feltet, nær ei nyare tuft, ligg mellom anna tre søkk som også kan vera tufter.