På liten flate: Bautastein, orientert ca. NV - SA. Lite synleg p.g.a. skog. Består av naturdanna helle. Litt bua kantar, avsmalnande mot toppen som er rett, men svakt skrått avslutta. NA sida er nokså flat og jamn, mens SV sida bular noko ut og er meir ujamn. Litt mose. Før 1925 luta steinen mykje mot nord slik at ein var redd den kunne falla ned. Vart same år attreist slik den nå står. H. 2,4 m, br. ved rota 0,8 m, tjukne opptil 0,3 m.