Øydeåkeren består av eit felt med ein terrasse (tuft?) og minst 9 røysar (rydningar?). Terrassen ligg i V skrånande bakkje lengst A i feltet. Orientert N - S. Vekslande markert. Ein del stein syner ved foten av V sida som består av eit opptil 1 m h. markert og lyngkledd bråt. Flaten innafor er tilvaksen med lyng, einstape og litt små einer. Tilsynelatande steinfri. Langs A sida stig bakkjen opp. I overgangen mellom terrasse og bakkje er litt stein nokre stader. L. 15 - 20 m, br. 6 - 7 m.Røysane ligg for det meste langs ytterkanten av området og da helst i V. Dei fleste om lag runde eller ovale av form, andre meir uregelmessige. Vekslande markert, dei fleste er vanskelege å finne p.g.a. vegetasjon. Lyngkledde. Ei vekslande mengd stein syner. Verkar omrota. Største røysa er oval og ligg lengst N i feltet. Orientert A - V. Nokså klårt markert. Lyngkledd langs kanten. Ein heil del stein syner. Nær midten hyttetuft. Orientert ca. NNV - SSA. Ca. 0,75 m h. murar. Utstrekning ca. 2 x 1 m. Røysa er ca. 8 m l., ca. 6 m br., ca. 0,75 m h. Dei andre avlange røysene er orientert omkring N - S. L. 4 - 7 m, br. 1 - 3, h. 0,25 - 0,4 m. Dei runde er ca. 4 m i d. og 0,2 - 0,4 m h. (3 stk.). Ei røys er ca. 1 x 1 m i utstrekning og ca. 0,4 m h.