Røysa er kring 11 m i tverrmål og kring 1,5 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker frå kring 0,2-0,7 m store. Mykje av steinane/blokkene er dekt av mose, men elles ligg dei i dagen. I sentrum av røysa er det eit krater, orientert SSV-NNO. Det er kring 6 m langt, 2,5 m breitt og 0,8 m djupt. Noko stein ligg oppkasta på kraterkantane. Røysa er klårt markert og godt synleg i terrenget.