Lengst mot N i skard mellom to låge berg.1): Rektangulær tuft. Orientert NV-SA. Vekslande markert, lite synleg i lendet. Delvis graskledd. Utrasa steinmurar, 1,0 - 1,5 m. br., 0,2 - 0,4 m h. Endeveggene ligg inntil eller består av berg. Nokså flatt golv. L. ca. 6,5 m, br. ca. 4,5 m.Ca. 8 m SV for 1:2): Båtopptrekk? Orientert NV-SA. Vekslande markert, lite synleg. Rydda gjennom rullesteinstrand mot Sandvigjå i SA. L. ca. 30 m, innvendes br. ca. 2 m. I A hellinga av liten N-S gåande dal ca.15 m VSV for 2:3): Nausttuft med utbua veggjer. Orientert N-S. Klårt markert. ligg noko skjult i lendet. Det indre graskledd. Mykje stein syner i veggjene som er noko utrasa, ca. 1,5 m br. og ca. 0,5 m h. Golvet heller slakt mot S der endevegg vantar. L. ca. 12 m, br. i endane ca. 5,5 m, br. på midten ca. 6,5 m. Under SV vendt bergvegg ca.20 m SSA for 3:4): Rektangulær hustuft. Orientert NV.SA. Nokså klårt markert, mindre godt synleg i lendet. det indre graskledd. Mykje stein syner i utrasa murar, 1-2 m br. og opptil 0,6 m h. NA langvegg består av ein ujamn ca. 1,5 m h. fjellvegg. Ein tverrvegg deler tufta i to rom 2x3 og 5x3 m store innvendes og rekna frå SA ca. 1 m br. opning i SA langvegg noko SA for midten ved tverrveggen. Kanskje er det her to sjølvstendige hus. L. ca. 13 m, br. ca. 5 m.Ca. 3 m S for 4:5): Rydda område delvis gjennom rullestein. Går VNV-ASA frå liten dal til Sandvigjå. L. ca. 50 m, br. innvendes 2-4 m.I N helling av berg ca. 20 m S for 5:6): Avlang steinlegning med utbua sider. Orientert ca. A-V. Klårt markert, ligg noko skjult i lendet. Ingen vegetasjon, steinane ligg nakne. Omrota i midten der det er eit ope gravkammer. Orientert ca. A-V. Bygd i eit eller to skift av steinar med ei nokolunde flat side vend inn. Nokre steinar har rasa ned i kammeret der det veks noko gras og ormagras. L. ca. 2,4 m, br. i endane 0,5 m, br. på midten 0,6 m, djupne ca. 0,5 m. Mest ubroten kantkjede av nokså store steinar med ei flat side vendt ut, h. 0,3 - 0,6 m. I NA og SV hjørna står ein reist stein, ca. 0,7 m h. Slike steinar vantat eller har sege ikring i NV og SA. L. ca. 15 m, br. på midten ca. 3,5 m, br. i endane ca. 2,5 m, h. 0,2 - 0,6 m. I rullesteinbeltet ca. 3 m S for 6:7): Rektangulær tuft. Orientert N-S. Klårt markert. ligg noko skjult i lendet. Det indre graskledd. Mykje stein syner i utrasa veggjer, ca. 1,5 m br. og opptil 0,6 m h. Usikker opning i N vegg. Golvet hellar mot N. L. ca. 6 m, br. ca. 5 m.I rullesteinsbeltet N og SV for 7 er det rydda omlag 15 hyttetufter og/eller støer av svært ulik utførelse. Nokre svært uklåre, andre klårare markert. Det indre er graskledd eller består av stein. Dei har 2-4 steinbygde veggjer 0,1 - 1,0 m h. og 0,5 - 1,0 m br. Dei fleste måler 3-4 m i firkant, men måla vekslar mellom 1,0x2,0 m og 6x2 m.