Feltet består av 5 runde gravhaugar/-røysar, 1 steinlegning, 1 hustuft og 1 fjerna gravhaug.På høgste staden: 1. Rundhaug. Nokså klårt markert, godt synleg. Graskledd, stubbar etter furutre. Litt stein syner. Omrota i midten og mot S, noko masse fjerna. D 9 m, h. 0,6 m Ca 9 m V for 1:2. Rundhaug ? uklårt markert og lite synleg i lendet. Graskledd, nokre furustubbar. Noko stein syner bla. ein større jordfast i midten , ca 2,5 m i tverrmål og 0,75 m h.. Mest alt er fjerna, ein kan berre ana at her har vore noko. D. ca 10 m, h. ca. 0,25 m. Ca 10 m NNV for 2:3. Rundhaug. Klårt markert og godt synleg, graskled ,ed nokre få furustubbar. Ein del stein syner, i SV stikk fjell fram. I toppen kanskje spor etter eit gravkammer, orientert A-V. D. 10m, h. 1 m. I frukthage 28 m V for 3: 4. Rundrøys. Klårt markert, men mindre godt synleg i lendet. Delvis graskledd,nokre fruktre. Mykje stein syner, derav nokre store. Også ei helle breiast på midten, avsmalende mot endane, l. 2,1 m, br.0,9 m, tjukne 0,2 m. Omrota og ein heil del masse er fjerna. I dag ligg ein del tegelpanner i SV del. D. 13 m, h. 0,75 m 4 m SSV for 4:5. Rund steinleggning. Vesklandse markert, lite synleg. Graskledd, nokre frukttrær. Noko stein syner, mest i N og NV der det og stykkevis syner kantkjede. Bevaringstilstanden er uviss. D. ca. 10 m, h. 0,25 m.. På en liten rygg 20 m SSV for 5: 6. Rektangulær hustuft. Orientert NNV-SSA. Uklårt markert og lite synleg.Graskledd. Noko stein syner i veggjene som er utrasa, ca 3 m br. og ca. 0,25 m h. det ser ut til at all større stein er fjerna frå veggjene. Det syner søkk der det er gjort. Golvet er flatt. Avkutta i SSA ende ved skiftesgjerde og sagbruk. Noverande l. 20 m, br.8 m. 16 m N for 6:7. Rundhaug. Vekslande markert, mindre gogdt synleg i lendet. Graskledd, nokre granar. Ingen synlege steinar. Eit bedehus tangerar den mest i NA kant. Noko uregelmessig overflate. Naturdanna ? d. 10 m, h.0,6 m Ca 15 m SSV for 6: 8. Rundrøys, fjerna. Skal ha vore nokså stor. Låg på fjell, steinanen varttekne til gjerder.