Rundrøys. Uklart markert og lite synleg. Delvis gras- oglyngkledd med eit par einerar. Ein del stein syner. Fjellet stikk fram fleire stader. Røysa er mykje rasert og mykje masse er fjerna. Bare botnlaget ligg att, sume stader er også det fjerna. I midten står ein liten hyttemur, ca 2,5x2 m. Her er det også ei skore i fjellet, orientert N-S, 1. ca 3 m, br. 1 m og 0,4 m djup. Ved SV-kant står ein liknande mur. D. ca 10m, fjellet stikk ca 0,9 m opp over foten av røysa, mens røysa berre er ca 0,3 m djup. Leif og Lars Bakkevik fortel at dei brukte murane som leikehus i sin barndom.