Tufta ligg innåt innhegninga (gjerda) på A - sida. Bua har hatt jordfylte murar, som no er sterkt utvaska og nedrasa. Dei har vore ca. 0,8m tjukke, med mykje grov stein. Utvendig mål: 6m N - S, 5,3m A - V. Inngang frå S. SA - lege hjørna utsvunga mot A ca. 0,9m. På V - sida syner ein jordvoll like utanfor muren, truleg etter nedrasa jordtak. Eldstaden har truleg vore i SA - lege hjørna, der muren er noko utsvinga. Men dette liknar ikkje på den tradisjonelle grua korkje i form eller steinmengde. Gjerda er tilnærma rektangulær innhegna med steingardar. Mål: ca. 54m N - S, ca. 34m A - V, målt i kryss i midten. Ein stig, seinare bufarveg, går gjennom gjerda; A - V. Det syner enno holer i grasvollen etter stein som er nytta til steingarden. N - A - re hjørna av gjerda er fyllt av ei grov urd.