Frå Per Fett: Gravflokk. Fk. 1/1: Røys tett ved stigen på høgaste flata. 15 m i tvm., 1 m høg, bygd av rund stein som er lynggrodd i kantane. I midten ligg steinen berr og viser spor etter utkasting. Fk. 1/5: Røys ligg 20 m NNO for 1. 6 m i tvm., låg, lynggrodd. Fk. 1/8: Langrøys ligg 3 m NNV for 1, 9 X 4 m NNO-SSV, låg, lynggrodd. Fk. 1/9: Røys ligg 2 m N for 8. 8 m i tvm., 0,5 m høg, lynggrodd. Fk. 1/12: Røys ligg S for stigen, 12 m SV for 1. 6 m i tvm., låg, lynggrodd. Det ligg mykje meir og smått rundt på flata, men om det er gravrøysar - eller om det er urørd stein som ligg att etter at det er plukka stein til røysane - er uråd å seie. I stykket nordanfor er det og nokre tvilsame røysar i gode 100 m avstand frå røys 1. Frå Aksdal, 2004: Den eine delen av feltet ligg lengst vest tett aust for stien til Klosterneset. I dag er denne stien utvida til skogsbilveg. Denne skal væra bygd på midten av 1980-talet og har skadd gravfeltet vesentleg. Vegen er gravd ned i undergrunnen og fleire av røysane er slik enten fjerna, eller sterkt skada. Området er i dag mykje overgrodd av krattskog og einebuskar og ein kan vanskeleg slå fast det totale omfanget av skadane på gravfeltet. I området nær dei synlege røysane er det fleire moglege røysar og anleggsspor, men då vegetasjonen er svært kraftig var det ikkje råd å slå fast kva desse representerte. Feltet bør difor både ryddast for krattvegetasjon og målast inn på nytt, der me får dokumentert skadane på gravfeltet.