Haugen er kring 25 m i tverrmål og 3-4 m høg. Han er heilt tilvaksen med grastorv. På haugen veks ein god del store bjørker og furer. Haugen er heller flat oppå og noko skadd mot NV. Frå Per Fett: Utgraven (vestre del) 1881 (Anders Lorange), bygd av sand med rullestein i horisontale lag. Derover ei kolstripe. Ikkje funn då, men skal seinare vere funne bein (m. a. to hovudskallar, lårbein).