Røysa er ca. 14 x 4 m NO-SV, om lag 0,5 m høg og er bygd av 0,1-1,0 m store steinar/blokker som er noko tilgrodde med mose. Kantane av røysa er for ein stor del tydeleg markert med blokker. I søre del av røysa er der eit kring 2 m langt, 1 m breitt og opptil 0,5 m djupt søkk som er orientert NO-SV. Det veks einer og lauvtre på og ved røysa. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Staden er i dag mykje overgrodd av skog, og det er vanskeleg å få inntrykk av gravminnet. Steinane er i tillegg særs mosegrodde. Grunna skogen vart ikkje røysa målt inn med GPS.