Røysa fk. 1/1 ligg 50 m ONO for Setasteinen, ein steinbenk nede ved vegskiftet mot Sæbø og Gjærde. Røysa er 8 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg. Ho er heilt tilgrodd som skogbotnen elles med tjukk mosetorv og det veks busker og brake på ho. Steinane/blokkene kan likevel merkast under det heile. Røysa fk. 1/2 ligg 1 m S for 1. Ho er 7 m i tverrmål og kantane er berre 1/4 m høge, medan heile den sentrale delen er utkasta og markerer seg nærast som eit grunt søkk. Røysa er tilgrodd med tjukk mosetorv. I den austlege halvdelen er det grave eit kring 2 x 1 m vidt og 1/4 m djupt felt, der 20-60 cm store steinar/blokker ligg på kanten av feltet. Gravinga tykkjest ha føregått for ikkje så lang tid attende.