Røysa som blir kalla "Langerrøyso", er kring 45 m lang NNV-SSO, 6-8 m brei og opp til 1 m høg. Ho er bygd av 0,1-1,0 m store steinar/blokker som for ein stor del er tilgrodde med mose. 6 m frå nordre kant av røysa ligg ei ca. 1 m lang helle i eit grunt søkk. Breidda på hella er vanskeleg å avgjera avdi ho står på skrå ned i røysa. 11 m frå nordre kant av røysa er det eit kring 8 m. langt, 2 m vidt og opp til 0,75 m djupt søkke. I søkket står det ei ca. 2 m lang, 0,8 m brei og 0,1 m tjukk helle på kant. Hella kan ha utgjort austre langveg i ei kiste. 2 m frå søre enden av røysa er der eit søkk som er kring 1,6 m langt, 0,5 m breitt og opp til 0,7 m djupt. Ved nordre kant av søkket ligg det to heller. Røysa har elles fleire sår og ser ut til å vera noko omrota. Det veks lauvtre og einer på røysa. Frå Aksdal, 2004: Grunneigar rydda i 1996 skog og kvist i området og fornminnet var svært godt synleg. Nokre år seinare er situasjonen slik at oppskotet har vokse tett og røysa ikkje er til å sjå lenger.