• 66399

    id
    • 66399
    datafangstdato
    • 1980-08-29T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:40:30Z
    informasjon
    • Haugen fk. 6/1 ligg tett NV for ei bru på bnr. 4. Han er 10 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er noko ujamn i kantane. Haugen er heilt grasgrodd. Stien som kjem frå SO svingar rundt haugen i søre kant. Haugen fk. 6/2 ligg ca. 60 m NV for fk. 6/1. Han er 9 m i tverrmål og ca. 2 - 3 m høg i vestre, søre og austre kant. Det er vanskeleg å sjå kvar grensa går mellom det som er haug og knausen denne ligg på. I søre kant stikk ein stor stein i dagen. I toppen er det eit søkk, ca. 1 m vidt og 0,5 m djupt. Her står ei helle på kant. Haugen er heilt grasvaksen. Haugen fk. 6/3 er 13 m i tverrmål og 2 - 3 m høg i vestre og nordre kant. I søre og austre kant er det vanskeleg å skilje mellom haug og knausen denne ligg på. Haugen er flat på toppen. Han er heilt grasgrodd. Haugen fk. 6/4 ligg tett N for fk. 6/2 og NO for fk. 6/3. Haugen er knapt 13 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er heilt grasgrodd, men litt skadd i toppen. Haugen fk. 6/5 ligg ca. 20 m NV for fk. 6/4. Det er ein langhaug, ca. 15,5 x 8,5 m vid og ca. 1 m høg. Han er orientert N-S. Over haugen i retning O-V går eit gjerde. Denne haugen ligg på bnr. 3. Han er gras- og lynggrodd og det veks nokre einebusker på han. Haugen fk. 6/6 ligg ca. 30 m ONO for fk. 6/5. Han er ca. 7 m i tverrmål, den nordre delen er ca. 1,5 m høg, medan haugen skrår i den søre delen og går i eitt med marka. Rett OSO for haugen står ein gamal murrest. Rett S for haugen går eit gjerde. Haugen er grasvaksen og det veks nokre einebusker på han, særleg i nordre del. Haugen fk. 6/7 ligg ca. 30 m SSV for fk. 6/6. Han er 8,5 m i tverrmål og ca. 1 m høg i nedste (O) kant. Han er heilt grasvaksen og litt avflata på toppen. I sørvestre kant veks ein einebusk. Haugen fk. 6/8 ligg ca. 10 m O for fk. 6/7. Det er ein langhaug 12 x 7 m, ca. 1 m høg i nedste (O) kant. Haugen er heilt grasvaksen og det veks eit par einebusker på han. Haugen går i eitt med marka i vestre kant framfor haugen fk. 6/7 og kan difor ikkje seiast å vera utan tvil.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 66399
    lokalId
    • 66399
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217