Røysa, som vert kalla Sæmingrøysi, er om lag 15 m i tverrmål og om lag 2 m høg målt i SO. I NO, O, SO, S og SV er det mura opp ein opptil 2 m høg mur, truleg for å hindre at røyssteinen sig utover bøen. Røysa er dekt av eit tynt grastorvdekke, men i S ligg mykje av steinen i dagen. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,20 - 1 m store. Røysa tykkjest noko utkasta, utan at ein direkte kan peike på krater eller sår. Mykje rydningsstein er innpåkasta, særleg i SV. Røysa er skjemd ved at ein tidlegare har kasta innpå ein del boss og skrot. Røysa er ikkje heilt klårt markert men syner særs godt i lendet.