• 66429

    id
    • 66429
    datafangstdato
    • 1977-04-18T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T19:40:33Z
    informasjon
    • 1. Helleren fk. 5 er skildra av Egil Bakka i innberetning av 25.5.66: "...Berget er her nokså høgt, og hallar utover fleire stader. Ved foten av berget ligg det dei fleste stader nedramla stein, men ein stad er pent, flatt jordgolv like inn til berget, og den delen av flata som kjem innanfor dropefallet er omlag 5 m langs bergveggen og inntil 2 m brei. Det er ein lun og turr stad, helleren vender mot sør. Eit prøvestikk ca. 80 cm i tverrmål, vart grave ca. 75 cm frå bergveggen i vestre del av hellergolvet. Øverst var 4 - 5 cm matjord, derunder eit kompakt kollag med tildels store kolbitar, 5 - 6 cm tjukt. I kollaget var mange hoggefliser av kleberstein. Derunder eit ca. 10 cm tjukt lag av lys, grågul steinflis og vitra stein, det aller meste kleberstein frå berget over. Også i dette var små kleberstykke med hoggemerke. Som prøver frå kollaget og steinflislaget vart teke med 5 stykke hoggen kleberstein, to av dei har halvparten av eit hoggehol, steinen har klovna ved hogginga. Dei har truleg vore tenkte til garnstein eller kljåstein. Under steinflislaget var gråsvart kulturlag ned til 1,10 m under overflata. Dette laget inneheldt litt stein, serleg i øvre delen. Jorda var kolblanda, det meste av findeldt kol, berre einskilde større kolbitar kunne påvisast her og der. Bein eller skjell var ikkje bevart. Ca. 40 og 45 cm djupt i laget vart det funne to krukkebrot, eit lite stykke brent bein låg litt høgare, like eins eit stykke kvartsitt, som det er vanskeleg å seia om det er hogge av folk." Ved registreringa 18.4.1977 var helleren i same stand som nemnt av Bakka. Eit lite prøvestikk, litt SV for midten av helleren stogga på laus stein 50 cm djupt. Same lagdeling som nemnt av Bakka. Ingen daterande funn. Breidda på golvet i helleren er vel 3 m. Stein utanfor er truleg vegg. 2. Kolmile, funnen ved registreringa 18.4.1977, ligg 5 m S for dropefallet på helleren 1, på S-sida av stien. Mila er ein låg, flat, tilnærma rund jordhaug med eit vel meterbreitt, grunnt søkk i sentrum. Diameteren på haugen er 5 - 6 m. Eit stikk i sentrum synte store trekolbitar i tett lag like under torva. Eit stikk i utkanten av haugen synte likeeins mykje trekol.
    kommune
    • 4624
    kulturminneId
    • 66429
    lokalId
    • 66429
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217