Feltet inneheld fire hustufter og tre båtopptrekk. Tufta 40C-1 vart registrert til å vera 11,8 x 8,4 m i ytre mål og 7 x 5 m i indre mål. Ho er orientert NNV-SSO. I samband med ei prøvegraving same året vart måla korrigerte til 12 x 8,5 m i ytre mål og 11 x 7,5 m i indre mål. Tufta er godt synleg. Veggfundamenta er bygde av opp til 0.8 m store rullesteinar/blokker. Midt i den nordre kortveggen er det eit 1 m breitt, steinfritt inngangsparti. Sørveggen og det søraustre og det nordvestre hjørnet i tufta er noko utrasa. Det nordnordaustre hjørnet i tufta tangerer det sørlegaste av tre store, paralleltliggjande båtstøer som går frå dagens flomål og austover til ein bratt bergskrent. Under registreringa vart det teke eitt prøvestikk i tufta og under prøvegravinga vart det grave ei rute på 1 m2, begge i sentrum. Det funnførande laget var opp til 40 cm tjukt. Her vart m.a. funne jernfragment, klebersteinsfragment, eldflint og beinfragment. Ein 14C-prøve har gjeve ein alder på 1030-1210 år e. Kr. Dette er den desidert yngste dateringa av dei undersøkte tuftene på Hjartøy. Tufta 40C-2 ligg 7 m vest for tuft 1. Tufta er orientert NNO-SSV og ho er 7,7 x 6,1 m i ytre mål. Ho er tilgrodd med lyng og mose og er dårleg markert. Berre det nordaustre hjørnet er vegetasjonsfritt og syner 0,2-0,8 m store rullesteinar/blokker i veggfundamentet. Eit prøvestikk i sentrum av tufta synte ein 1 cm tjukk, sterk trekolhaldeg horisont under 20 cm torv. Ein 14C-prøve frå denne horisonten har gjeve ein alder på 640-690 år e. Kr. Austre hjørnet i tufta 40C-3 ligg heilt inn til vestre hjørnet i tuft 1 og ho har same orientering som denne. Dei ytre måla er 5 x 5 m. Tufta er svært dårleg markert. Her vart ikkje teke prøvestikk. Tufta 40C-6 ligg like aust for tuft 2 og har felles vegg med denne. Dei ytre måla er 7,7 x 6 m. Tufta er svært overgrodd og lite synleg i terrenget. Her vart ikkje teke prøvestikk. Rett N for tuft 1 ligg det tre parallelle båtopptrekk med felles skiljevegger. Båtopptrekka er bygde ved at rullesteinen er rydda vekk frå den gamle stranflata og lagd saman i fire steinstrenger som utgjer veggene. Båtopptrekket 40C-4 er det sørlegaste. Den søre langveggen i opptrekket tangerer det nordre hjørnet i tuft 1. Den søre langveggen er 11 m, medan den nordre er 17 m. Avstanden mellom veggene er 6 m. I sørveggen er det ein 1,5 m brei opning like NV for N-hjørnet på tuft 1. Denne må truleg tolkast som inngang til båtopptrekket. Nordveggen som også er felles vegg med båtopptrekket ved sida av, er 3 m brei og inneheld stor rullestein. Båtopptrekket 40C-5 har utforming som båtopptrekk 4. Sørveggen er her 17 m lang, nordveggen er 12 m og avstanden mellom dei er 4 m. Båtopptrekket 40C-7 har felles langvegg med båtopptrekk 5, slik at sørveggen her vert 12 m. Nordveggen i dette båtopptrekket er like lang, nemleg 12 m. Avstanden mellom langveggene er 5 m. Båtopptrekka 4 og 5 ligg mellom godt 1 m og opp til kring 2,5 m over dagens middelvasstand.