Røysa fk.nr. 1/1 ligg på V-sida av huset, 5 m frå veggen. Røysa er 15 m i tvm. og nær 1,5 m høg. Langs kanten ligg 60-100 cm store steinar/blokker her og der, mogeleg restar etter forkjede. Røysa er noko flat på toppen, truleg eit resultat etter litt utkasting. Midtpartiet er nær på grasfritt og her ligg 20-40 cm store steinar/blokker i dagen overalt. Resten av røysa er grasgrodd. På røysa veks ein god del lauvkratt. V-re halvdel av røysa ligg på bruk nr. 1.Røysa fk.nr. 1/2 ligg på O-sida av huset. Røysa har truleg gått nærpå i husveggen, men V-legaste kanten er i dag avskorn, og det er lagt opp ein tre omfars mur som grense mot stigen som går rundt huset. Tvm. er 10-12 m og høgda kring 1,5 m. Haugen er heilt grasgrodd, men her og kvar kan ein merka steinane under torva. Ei flaggstong står på toppen.