Gravanlegget er orientert SV-NO og er i denne retninga 7 m. SO-NV er det 4,5 m på det breiaste. Høgda er kring 0,5 m, måla i NV. Gravanlegget er samansett av ei kiste og stein som ligg rundt denne. Steinane/blokkene, som er skarpkanta, er frå 0,15-0,60 m i tverrmål. Anlegget er klårt markert og relativt tydeleg i terrenget. Det er for det meste naken stein, men her og der veks litt lyng og gras mellom steinane. I nordaustre delen er det eit stort brakekratt. Sentralt i anlegget er det ei kiste som er orientert same veg som dette, dvs. SV-NO. Fire store heller/helleliknande steinar markerer denne kista. Kista er 3 m lang, 0,6-0,7 m brei og kring 0,3-0,4 m djup. I sørvestre enden av kista ligg ein tversgåande stein som er 0,9 m lang, 0,6 m brei og 0,10 m tjukk. Ved kvar langside ligg ei større blokk. Den nordvestre av desse er 1,6 m lang, 0,8 m brei og 0,4 m tjukk. Den søraustre er 1,3 m lang, 0,6 m brei og 0,2 m tjukk. Kista vert avslutte i NO av ei tversgåande helle som er 1,4 m lang, 0,8 m brei og 0,2 m tjukk. Frå sørvestre endekant av kista ut til kanten av anlegget er det 2,5 m. I NO er denne avstanden berre 1,7 m. Ut for den nordvestre hella i kista ligg nokre heller, mogleg dekkeheller. Den største av desse måler 1,2 x 0,7 x 0,15 m. Ei noko mindre helle ligg dessutan i kanten av anlegget i SV.